Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 183–184

4.1.1

Oppgåva byggjer på eit gammalt døme som har til formål å vise skilnaden mellom årsakssamanheng og påreknelegheit.

  1. Høgsteretts klassiske utsegn i RT-1992 er at kravet til årsakssamanheng er oppfylt dersom skaden ikkje ville skjedd dersom handlinga blir tenkt borte. Dersom kusken ikkje hadde sovna, ville reisefølgjet teke rett veg til høgre, og skaden ville ikkje ha skjedd. Kravet til årsakssamanheng er derfor oppfylt.
  2. Det er openbert at skaden i dette tilfellet ikkje var mogleg å sjå på førehand som ei mogleg følgje av aktlaus føring av hestekjerre. Skaden er ei upårekneleg følgje av køyringa og kan derfor ikkje gi kusken erstatningsansvar. Dette dømet er sjølve grunnlaget for teorien om påreknelegheit.

4.1.2

Kravet til ansvarsgrunnlag er føresett oppfylt. Arbeidarane kan klandrast for aktlaus behandling av sement, og byggmeisteren kan klandrast for mangelfull sikring av arbeidsplassen mot publikum. Spørsmålet er om dei andre erstatningsvilkåra er oppfylte.

Det er ingen tvil om at kravet til årsakssamanheng er oppfylt. Dersom arbeidarane ikkje hadde mista bøtta med sement, ville skaden ikkje skjedd. Skaden ville heller ikkje skjedd dersom byggjeplassen hadde vore sikra mot fotgjengartrafikk.

Problemet er om kravet til påreknelegheit er oppfylt. Det er pårekneleg at folk vil få skadar på kleda sine som følgje av uforsiktig omgang med sement eller mangelfull sikring av anleggsområdet, men spørsmålet her blir om verdien av skaden er så høg at han blir rekna som upårekneleg sett frå skadevaldaren sin ståstad. Dommen om student Skridshoels hund taler for at tap utover normal verdi er pårekneleg. Spørsmålet var mellom anna om studenten måtte betale full erstatning for ei knust spegelglasrute som var mykje dyrare enn ei vanlig glasrute. Student Skridshoel vart ikkje høyrd med påstanden sin om at ansvaret berre skulle omfatte verdien av ei vanleg glasrute. Han vart dømd til å betale full erstatning. Det er eit prinsipp i erstatningsretten at skadevaldaren må ta den skadelidde som han eller ho er. Utgangspunktet er at det faktiske tapet til den skadelidde skal erstattast.

Ein domstol som meiner at det er urimeleg å gi skadevaldaren fullt ansvar for det faktiske tapet i eit tilfelle som dette, kan i staden for å nytte vilkåret om påreknelegheit gjere bruk av reglar om lemping eller eventuelt reglar om medverknad frå den skadelidde. Dette drøftar eg ikkje her.

Eg konkluderer med at Berit har krav på full erstatning for kjolen, kr 100 000.

Berit har også kravd erstatning på kr 20 000 for bryderiet med å vere utan designarkjole i tre månader. Kravet gjeld eit ikkje-økonomisk tap som ikkje blir erstatta, jf. § 4-1. Erstatning (oppreising) for ikkje-økonomisk skade gjeld berre ved personskadar, ikkje ved tingsskadar, jf. skadeserstatningslova § 3-5.